I dag, 22.11.2011, er det 6 månader sidan me tok farvel med pappa. Det er snart 1 år sidan han fekk kreftdiagnosen. Me tykkjer at tida gjekk fort når han var sjuk, og det er det mange som har kommentert – “det gjekk så fort…” Men tida har også gått fort i etterkant. Me er forlengst tilbake i kvardagen, men dagar som dette vert nytta til ettertanke.
Familien har skreve eit minneord, som også er send til avisene:
Minneord for Roald Per Kalstad (f.14.09.54 – d.22.05.11)
Familieterapeut og psykiatrisk sjukepleiar Roald Per Kalstad døydde av kreft 22. mai 2011 på Haukeland sjukehus. Han vart 57 år gammal, og etterlet seg kone, tre vaksne born, tre svigerborn og to barneborn.
Roald vart fødd i Luster 14. september 1954. Han var nummer to av tre gutar på garden Hengesteg. Her vaks han opp i gode og trygge kår. Etter realskulen i Sogndal drog han i 1974 til Bergen for å studera sjukepleie. Der møtte han Rita Gravdal, som skulle bli kona hans. Dei gifta seg 16. september 1978 i Dale Kyrkje i Luster, og fekk tre ungar. Dei slo seg ned på Nes, ved Høyheimsvik i Luster.
Rita og Roald var heile tida nære og trufaste. Dei var sjeldan lenge vekke frå kvarandre og hadde eit godt ekteskap, faste i trua på den ekte kjærleiken som dei fann hjå den andre. Dei heldt saman i medgang og motgang, det vart mange gode og nokre vonde dagar.
Roald var ein varm og engasjert far. Han nytta mykje tid saman med borna, og var sjeldan for oppteken med andre ting. Når ungane var vokse ut av huset gledde han seg alltid til dei kom heim, og gjorde seg ekstra mak når dei hadde med seg vener og kjærastar.
Roald var sjenerøs og gåvmild, men likevel tydeleg og gjennomtenkt når det gjeldt oppdraging og familieliv. Det var sjeldan han vart skikkeleg sint, og desto meir respekt hadde ein for han når han fyrst vart det. Yrkesbakgrunnen hans brukte han aktivt i utfordringane med oppdraging og familielivet. Han kunne vere prinsippfast, bestemt og sta. Han ville alltid ha kontroll, system og orden. Dette gjorde han til ein god leiar. Han likte seg svært godt heime med familien og trivdes spesielt godt når alle var samla.
Trening og idrett var ein viktig del av livet og identiteten hans dei siste tjue åra. Roald hadde ei treningsvilje og treningsglede som smitta over på dei rundt han. Han lærte borna at ein god tur kunne gjere underverk for både humør og motivasjon. Roald var med i kulissane under planlegginga av både Sogn CK og sykkelrittet Jotunheimen Rundt. Det 430 km lange turrittet frå Lærdal via Filefjell, Valdresflya og Sognefjellet, til Sogndal definerte på mange måtar idretten han dreiv dei 19 åra han deltok der. Roald sykla ikkje for å konkurrere, ikkje mot andre enn seg sjølv. Han var heller ikkje særleg oppteken av å sykle så fort. Han var oppteken av turopplevinga og naturopplevinga. ”Me må ta da som ein tur”, var formaninga han ofte gav sine medsyklistar.
Roald deltok og fullførte Jotunheimen Rundt 19 gonger. Som ei hyllest til Roald tok representantar for Sogn CK med seg sykkeldrakta hans ein siste gong rundt Jotunheimen. Etter gravferda og minnestunda mottok Rita, enka etter Roald, medaljen for 20 gonger gjennomført Jotunheimen Rundt. Dette var ein rørande og fin gest frå klubbkameratane til Roald.
Roald var svært musikalsk og han var glad i mykje forskjellig musikk. Gitaren var ein del av han, av og til i lag med munnspelet. Han meistra mange instrument og han hadde eit unikt og forunderleg gehør. Songstemma hans var rein, kraftig og klar. Han var i tillegg dyktig med vers og rim. Roald var glad i gode melodiar og meiningsfulle tekstar. Både norske og utanlandske artistar var i platesamlinga. Han, som mange andre, fann seg sjølv i mange av Bjørn Eidsvågs tekstar. Dette synte han på sin, og Ritas, 50-årsdag. Då framførte han Eidsvågs song Tålt for Rita. Dei frammøtte vart rørde av Eidsvågs strofer i Roalds munn: …du og eg har funne stilen vår og språket, me har vevd og veid og målt. Langt fra Hollywood og ´elsk meg mere-ståket´ e me glad for å væra tålt.
I 2006 vart Roald bestefar for fyrste gong, noko som openbart var stort for han. Han fotograferte då fleire bilete enn nokon gong, skifta bleier, byssa, stella og stulla. Han fortalte mange eventyr og skrøner. Han krabba under bord og stolar, og til foreldra sin frustrasjon leverte han ut is og godteri. Han kjøpte leikehestar og leikebilar på rekke og rad. Han hadde alltid tid til besøk og stod kvar gong klar med ein god klem.
Roald var ein dedisert og engasjert fagmann i jobben sin på familiekontoret i Sogndal. Han var oppriktig interessert og engasjert i jobben sin. Han vert omtala som ein dyktig familieterapeut, både av klientar og kollegaar.
Han var innbiten og viste fleire gonger at han var ein fighter. Som då han sykla Trondheim-Oslo som oppkøyring til Jotunheimen Rundt, sykla over styr og slo seg i koma. Resultatet var kraftig hovudskaking, brot i kinnbeinet og ein øydelagt racersykkel. To veker etter stilte han til start på Jotunheimen Rundt, med terrengsykkel. Til Ritas store frustrasjon.
Dei siste åra han levde fekk han testa fightereigenskapane sine på nye måtar. I august 2009 var han og Rita ute for ei alvorleg bilulukke. Rita vart hardt skadd. Roald brukte då all si tid og sette alle sine krefter inn på å hjelpe ho. Han hadde mange turar til Haukeland og Førde og han kjempa ein innbiten kamp mot byråkratiet. Roald var ein klok, ryddig og tolmodig mann som kjente systemet godt. Dette gav Rita og dei andre ei tryggleik om at alt skulle ordna seg til slutt.
Roald var alltid tydelig på kva han trudde på. Han var ein kristen, og han gav borna sine sjansen til å kjenne Jesus. Han lærte dei å be, og å ta eigne standpunkt. Han hadde sjølv håpet og trua på eit evig liv. Han var ikkje redd for å døy, noko han stadfesta på dødsleiet.
Dei etterletne saknar no ein livsglad og kjærleg ektemann, far, svigerfar, bestefar, son, bror, og onkel. Roald døydde tidleg, 57 år ung. Bjørn Eidsvåg har ein song som heiter Tidlig vinter. Her skildrar han møtet med døden, og teksten handlar om den vinteren som vi alle ein gong skal møte:
Me trudde sommaren nettopp var øve, og at hausten såvidt var begynt.
Brått sette vinteren iskloa i oss. Den va´kje meldt, ikkje forkynt.
Me kjente vemod og hausten starta, då vinteren kom blei me redde.
Me visste han sku komma, men detta va tidlig. Me va´kje klare, me va´kje kledde.
Du, den strengaste vinteren av dei alle. Du, som setter telen i for godt.
Du, som fryse hjarter og gjer draumar kalde. Du, kjem langsomt, kjem brått.
Me ber deg vær så snill å gå forbi. Her trenge hausten litt meir tid.
Me skulle ha rakt og stelt og rydda. Me skulle ha hausta og festa og sunge.
Me skulle ha satt nokre garn og teiner, og smilt av minner frå då me var unge.
Me skulle ha takka og hylla og vist ære. Me skulle ha ledd av tabbar og tull.
Me skulle ha fått nokre råd med på vegen, og så sagt farvel i ein kveld kledd i gull.
Du, den strengaste vinteren av dei alle. Du, som setter telen i for godt.
Du, som fryse hjarter og gjer draumar kalde. Du, kjem langsomt, kjem brått.
Me ber deg vær så snill å gå forbi. Her trenge hausten litt meir tid.
Du kjem når du vil og når du skal. Me bøyge oss for deg. Det passe sikkert sjeldan særlig bra. Det er bare sånn det er.
Du, den strengaste vinteren av dei alle. Du, som setter telen i for godt.
Du, som fryse hjarter og gjer draumar kalde. Du, kjem langsomt, kjem brått.
Me ber deg vær så snill å gå forbi. Her trenge hausten litt meir tid.
Tekst: Bjørn Eidsvåg
Roald var ikkje redd for vinteren, han hadde trua si. Den tidleg vinteren til tross, Roald Per Kalstad kjem ikkje til å hugsast for korleis han døydde, men for korleis han levde. Engasjert og kompetent, sprek og innbiten, ryddig og systematisk, kjærleg og humoristisk, varm og sjenerøs.
I samband med Roald si bortgang vart det uttrykt ynskje om gåve til kreftforskinga på Haukeland sjukehus, framfor blomar til gravferda. Roald valde sjølv å delta i eit prosjekt for kreftforskinga og gåva er såleis i hans ånd. Kontoutskrifta viser no at gåvene totalt kom på nærare 30 000,- kroner. Dette er svært gledeleg, men det er fortsatt høve til å gje på kontonummer: 5202 09 60590
