Sogn Avis og NRK Sogn og Fjordane meldte onsdag 4. januar at Sogndal-trenar Jonas Olsson har innført eit slags mat-regime for spelarane. Mange har fokusert på at dette er eit tiltak for å ta kontroll over kosthaldet til utøvarane. Eg ser ikkje vekk frå at det kan være behov for det, men eg har noko anna å melde.
“Spelarane må møta til frukost klokka åtte om morgonen før treninga tek til, og får sjølve ansvaret for å kjøpa inn dei nødvendige matvarene“, uttalte Olsson til Sogn Avis.
Eg ynskjer å peike på ein dimensjon rundt dette med felles måltid. Vi tenker ikkje så ofte på det, men måltidet er eit symboltungt rituale. Når ein samlast for å dele det kvar og ein kan bringe til bordet vert det synleggjort kven som “høyrer saman”. Dette gjeld i alle kulturar, endåtil i dyreriket.
Nokre vil kanskje tenke på “familie”-begrepet i denne samanhengen. Dette er det ultimate felleskapet, vilkårslaust og fast. Familiar over heile verda samlast rundt måltidet fleire gonger om dagen. Sundagen er kanskje også storfamilien samla.
Alle store dagar vert markert ved at dei som høyrer saman treffes til eit måltid. Julemiddagen er ferskt i minnet, mange gulpar kanskje fortsatt ribbefett. Dei fleste samlar nær familie på julafta. Når folk samlast til bryllup er det ei markering av at no høyrer to storfamiliar saman, manifestert ved måltidet med skålar, underhaldning og talar. Konfirmasjon, dåpen og begravelse er andre høver der vi gjerne samlast og “bryter brød”.
I Italia, og ellers i sør-Europa, er familien tradisjonelt oppfatta som den viktigaste institusjonen. Familiebanda er sterkare enn banda til staten og velferdssamfunnet. Måltidet er fundamentalt, og alle vi som har litt interesse for mafiafilmar som Gudfaren og kultserien Sopranos kan sjå føre oss den italienske storfamilien samla rundt bordet.
Om det er bevisst eller ikkje, det veit ikkje eg. Men eg trur dette er ein liten genistrek frå Jonas Olsson. Måltida vil kunne bevisstgjere spelarane og støtteapparatet om at dei er ei eining, eit felleskap, ei prestasjonsgruppe, med felles målsetnader, felles fiendar og vener. Dette vil være med på å skape samhald og lagånd, som er suksesskriterier for eit lag som skal prestere over lengre tid.
Velkommen til Sogndal, Jonas Olsson, stao no pao!
