Eg er født som bergensar i august 1979, men heldigvis, oppdregen og oppvaksen som lustring. Det kom godt med når eg i 1999 flytta tilbake til byen mellom dei sju (små) fjell.
Tida i Bergen førte mykje moro med seg. Etter 3 år på Handelshøyskolen BI, Bergen klarte eg å utdanna meg til marknadsførar med bachelor i Marknadskommunikasjon. Det gjekk skikkeleg bra, og eg er ikkje så reint lite nøgd med det. Tida på BI Bergen var ei fin tid. Eg skreiv bacheloroppgåva mi våren 2006, saman med to kjekke og greie karar – Anders og Mats.
Hausten 2006 fekk eg innpass hjå reklamebyrået Konvoi. Her vart eg godt teken imot av eit av Bergens dyktigaste design- og reklamemiljø.
I 2009 tok eg permisjon frå jobben som reklameplanner i Konvoi. Det året (altså 2009) tilbrakte eg på Noregs takterasse, Finse, der eg jobba på hotellet Finse 1222. Om vinteren jobba eg i resepsjonen og som hadde enkelte turar som guide i området. Om sommaren hadde eg hovudansvaret for drifta av sykkelutleiget til hotellet, og fikk høve til å sykle masse på Rallarvegen.
Frå desember 2009 til januar 2012 har eg jobba som merkerådgjevar, prosjektleiar og tekstforfattar hjå Gasta design & kommunikasjon i Sogndal, saman med ein gjeng digitale nerdar og flotte folk.
No er eg gründer av Velo Sogn, og jobbar freelance mellom anna med marknadsrådgjeving, webinnhald og fotografering.
Eg trivs i bratte lier på ski om vinteren, og rullar gjerne på longboard og sykkel om sommaren. Eg et stort sett all mat, kanskje med unntak av fiskebollar i kvit saus. Det unngår eg så sant eg kan. Men det glir ned. Såvidt.
Eg har eit sindig lynne og er ganske hensynsfull og omtenksam ovanfor både menneske og dyr.
Er ikkje avhengig av tobakk, måtehalden med alkohol og har ein sunn skepsis til norsk drikkekultur.
Les ofte bøker og konsumerar store mengder med utanlandske magasiner og blad. Eg er interessert i fotografi, design og Internett. Og ja, det er eg som har fotografert dei aller fleste bileta til bloggen. Og ja ein del av bileta kan du få kjøpe. Det er berre å ta kontakt. (andrekalstadalfakrudlme.com)
Her er ein film eg har laga frå guterommet på Nes i Luster