CV

PERSONALIA:

André Kalstad

André Kalstad

UTDANNING:

ARBEIDSERFARING:

FERDIGHEITER:

IKT: Eg nyttar helst Macintosh som dataverktøy, og har over snittet interesse for digital formidling og kommunikasjon, som sosiale medier, blogging og generell webkommunikasjon.

Eg har delteke på fleire kurs innan formidling på Internett, mellom anna “Nettskriving med effekt” og “Webstrategi” hjå Netlife Research. Eg har vore prosjektleiar på mindre webutviklingsprosjekt, og eg har erfaring med redigering og publisering i publiseringsløysingar som WordPress og DotNetNuke.

Eg har god erfaring med bruk av kunderelasjons- (CRM) og prosjektstyringsverktyga frå 37signalsBasecamp, Backpack og Highrise. Eg har også vore brukar av nyheitsbrev-system som Campaign Monitor, Mailchimp og iSave.

Eg har nokre basiskunnskapar innan ein del foto- og filmredigeringsverktyg, som Photoshop og Final Cut Pro, og eg er ein habil hobbyfotograf.

Språk: Er stødig i Engelsk, både skriftleg og munnleg. Eg skriv både nynorsk og bokmål, og er oppteken av rettskrift.

Presentasjon: Har gjennomført og leia mykje presentasjonar, møter og arbeidsgrupper i samband med jobb og studiar. Lir ikkje av sceneskrekk.

Arbeidsmetodikk: For auka produktivitet og effektivitet freistar eg å jobbe og leve etter GTD-metodologien. Dette er ein kjent måte å strukturere alle livets oppgåver og prosjekt.

LIVSERFARING OG FRITIDSINTERESSER:

Eg er oppvaksen i ein kristenliberal kjernefamilie i Luster i Sogn. Eg er ikkje utøvande religiøs, men er oppdregen med kristne verdiar. Eg har fått musikk- og kulturinteresse gjennom opphavet og er storforbrukar av musikk, primært på vinyl. Eg har stor interesse for friluftsliv, skiturar, sykling, klatring o.l.

Om sommaren nyttar eg mykje tid på sykkelsetet langs fjordane. Om vinteren er eg gjerne å finne på fjellet med toppturutstyr. Som sans for ulike typar kunst, foto, design og kommunikasjon. I august 2009 opplevde familien ei tragisk hending då foreldra mine frontkolliderte med ein turist. Mor vart livstruande og hardt skadd. I mai 2011 døydde far min av kreft etter kort tids sjukeleie.

Eg trur desse opplevingane har gjort meg til ein sterkare person. Når den fyrste sorgreaksjonen er bearbeidd ser eg at mi tilnærming til livet er noko endra. Eg ser at livet er skjørt og kort, og mine prioriteringar skjer meir i henhold til det. Vi lyt glede oss over det vi har, her og no.

Eg er trulova med ei flott jente frå Rykkinn som heiter Trude. Ho er tidl. utdanna regnskapsførar, men studerar no til landskapsplanleggar på Høgskulen i Sogn og Fjordane.

REFERANSAR:

One thought on “CV

  1. Tilbakeping: Eg søkjer nye utfordringar | Podium

Har du nokre tankar om dette? Legg att ein kommentar.

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s