Sommar på Finse

Når sommaren no er i anmarsj kjem eg til å tenke på tida på Finse. Om ein liten månad burde det være mogleg å sykle Rallarvegen. Det rapporterast om lite snø og dermed skulle ein kunne forvente at dei snøfonnene som gjorde livet surt for enkelte i fjor kan væra smelta innan det verste rushet startar nedover mot Flåm.

Eg kosar meg med minnene om smått og stort på Rallarvegen og Finse frå i fjor, og ikkje minst dei intense stundene i sykkelverkstaden. Her kunne det gå fort og heitt for seg, men det er kjekt å tenke på det arbeitet som vart lagt ned der. Eg er stolt over å ha fått være med å drive sykkelbutikken på Finse, og ikkje minst over å ha fått være kollega med alle dei artige folka der.

Håpar på å få nokre stunder på Finse i sommar. Det kan bli behov for å rense sjela litt av og til.

Då er Finse staden.

Rallarvegsrapport

Rallarvegen er ei av Noregs sterkaste merkevarer innan reieselivet. I sommar er det ca. 20 000, både nordmenn og utlendingar, som syklar Rallarvegen (syklistenes landsforening). Trass i sipregn og motvind. Spørsmålet er kor lenge dette vil vare.

Stor interesse

Sidan førre Rallarvegsrapport har det rulla tusenvis av sykkelhjul på Rallarvegen. All snøen er no vekke frå Rallarvegen. Likevel har dei nok blitt både våte og kalde dei som har trødd seg gjennom løypa. Det er ikkje tvil om at Rallarvegen er ein svært populær tur for norske venegjengar og familiar, så vel som utanlandske turistar. Det er både imponerande, og litt overraskande, å sjå kor mange som rullar av garde frå perrongen. Særleg med tanke på den forferdelege sumaren i år.

Mange har med seg ungar. Det er godt å sjå at dei yngste får høve til å gjere seg kjent med gledene av å tilbringe tid i naturen generelt og høgfjellet spesielt. Rallarvegen har i lang tid sørgja for at desse verdiane er tilgjengelege for ein god del fleire enn den harde kjernen av fjellfolk og DNT-entusiastar.

Vegen er forsåvidt farbar, og dei aller fleste kjem seg greitt ned til Flåm. Dette til tross for at vær og vind har fare ganske hardt med enkelte parti. Den regntunge sommaren har satt djupe spor i Rallarvegen. Sand og fyllmasse er skylt vekk somme stader. Dette gjer at det berre står til dels store og stygge steinar att i løypa.

Etter ein guide-tur med ei større gruppe (100 i antall) fekk eg sjå korleis folk ter seg i dei hardast råka strekningane. Inntrykket er at mannfolka prøver seg utpå og freistar å karre seg gjennom steinrøysa, med dei fylgjer det kan få, medan damene ofte er meir sindige og trillar sykkelen gjennom.

Tilgjengeleg sykkelsti eller eit kulturminne?

Bruene i Kleivagjelet er nydeleg restaurerte. Noko som imidlertid står i sterk kontrast til resten av denne populære turistvegen. Den forfell i ganske høgt tempo. Konsekvensane er svært godt synlege. Standarden på vegen er allereie slik at det er noko betenkeleg å sende småbarnfamiliar ut på sykkelturen til Flåm. Særleg enkelte parti mellom Fagernut og Vatnahalsen er skumle.

Det er Jernbaneverket som eig Rallarvegen. ”Rallarvegen vil aldri verta ein tipp topp sykkelsti. Me skal vedlikehalda den som kulturminne, og reparasjon og vedlikehald skjer etter antikvariske prinsipp”, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket region vest til Avisa Hordaland (finn ikkje saka på nett).

Dette lyt ein berre ta til etterretning. Men, for oss som leiger ut syklar på strekninga er vedlikehaldskostnadane for syklane allereie skyhøge, som ei følgje av vegstandarden. Det er ingen forteneste å hente på sykkelutleige. I verste fall kan dette populære tilbodet falle bort. Me har heller ikkje ressursar eller høve til å gjere noko med vegstandarden sjølve. Økonomien set klare grenser for oss. I tillegg har Ulvik Kommune og staten strenge restriksjonar for motorisert ferdsel i området grunna villreinbestanden og nasjonalparkane som omgjev oss.

Det som er sikkert er at tilgjenge etterkvart vil verte kraftig redusert for ein svært stor del av befolkninga. Om nokre år vil det å sykle Rallarvegen verte eit prosjekt reservert for dei særskilt interesserte.

  • Er det ok at Rallarvegen, ei nasjonal merkevare, forfell som sykkelsti?
  • Kva vil det sei å vedlikehalde noko etter ”antikvariske prinsipp”?

Kleivagjelet

Fekk skjenn i avisa Hallingdølen

Midt i hardaste taket på Sykkel 1222 har eg havna i ein aldri så liten skriftleg disputt med ei kvinneleg Rallarveg-entusiast.

Me hadde mekka på syklar i nærmare 15 timar i strekk, og klokka var vel rundt 4 på natta då eg oppdaga at nokon hadde lenka sykkelen sin fast i sykkelstativa våre. Dette skjer av og til, sjølv om det skulle væra ganske tydeleg at det ikkje er offentleg parkering. Denne gongen var det imidlertid svært trongt om plassen og me trong dei stativa me hadde. Dei andre i verkstaden var klar til å klippe låsen, men eg sa at det fikk være. I staden tok eg pennen fatt og skreiv ein heller krass melding. Tenkte lite på kva eg skreiv, det var ikkje så viktig egentleg, eg hadde berre behov for å få ut litt stim.

Eit par veker ettterpå vert eg gjort merksam på at eg var omtala i avisa Hallingdølen. Då viste det seg at innehavaren av sykkelen, Liv Røstøen, hadde lest beskjeden og lete seg provosere kraftig. Såpass at ho skreiv eit langt lesarbrev i avisa der ho snakka om god og dårleg kommunikasjon, skisserte korleis ho opplevde dette, siterte meldinga på lappen og refererte til meg. Ho meinte eg kunne vore mjukare i tonen og etterlyste litt glimt i auga.

Det er ikkje tvil om at eg gjekk over streken, og eg vil nok ikkje gjere noko slikt igjen. Eg måtte berre leggje meg flat, så då forfatta eg eit lite dikt til svar. Lesarbrevet og diktet kan du lese under, eller klikke her.

God og dårlig kommunikasjon

At kommunikasjon er vanskelig er en vedtatt sannhet. Det vi imidlertid ikke er alltid tenker over er at dårlig kommunikasjon kan slå tilbake på måter man slett ikke hadde tenkt seg.

Av: Liv Røstøen, fremdeles Rallarvei-entusiast

Grunnen til at jeg tar dette opp i et leserbrev til Hallingdølen, har sin rot i et skriv jeg fant på sykkelsetet mitt på Finse i helgen.

I en årrekke har en stor vennegjeng syklet på Rallarvegen med start fredag på Finse – mellomstopp på Vatnahalsen hotel – retur med tog til Finse lørdag morgen, og sykkel til Haugastøl. Fenomenalt!

Denne gang skulle noen av deltakerne starte fredag morgen på Geilo og sykle til Finse, mens resten skulle ta tog fra Haugastøl og starte på Finse. Jeg skulle være med på turen fra Finse lørdag morgen pga. annet arrangement, men siden min sykkel befant seg på Geilo, så vi fant ut at hvis noen tok den med på toget til Finse, så kunne den parkeres der fra fredag til lørdag. Dermed hadde jeg den klar til start sammen med de andre.

Ved ankomst Finse gikk jeg for å hente sykkelen min. Beklageligvis var den satt på en plass som var reservert for utleiesykler, men den skriftlige hilsen som var tapet fast til sykkelsetet rettferdiggjorde ikke på noen måte forseelsens omfang – hør nå bare – jeg siterer ordrett:

«Hei,

Vi har vanvittig mange sykler og allerede et stort plassproblem. Det blir ikke bedre av at du okkuperer en plass som er tiltenkt sykkel nr. D75. De aller fleste ser at dette ikke er sykkelparkering for allmuen, men sårt tiltrengte plasser for våre utleiesykler. Ved hotellet er det imidlertid plenty av muligheter til å låse syklene. Du er i beste fall bevisstløs, i verste fall jævlig frekk!

Hvis låsen er klipt har vi hatt behov for plassen, hvis ikke kan du anse dette som din lykkedag.

Andre/sykkel 1222».

 

Akksann – dette ble en dårlig start på dagen. Min plan om å kjøpe en fleecegenser i butikken på 1222 ble selvfølgelig skrinlagt. Jeg var litt lettkledd, så planen min var å kjøpe det jeg manglet der, men jeg droppet det.

Jeg nevnte heller ikke noe der og da til min mann som hadde feilparkert sykkelen. Det var nok at min dag fikk en lei start. Det jeg imidlertid lærte av det «hyggelige» brevet var at kommunikasjon er en kunst. Dersom vedkommende hadde gitt en litt mykere tilbakemelding – kanskje til og med ispedd litt humor – så hadde jeg både tatt poenget og kjøpt det jeg trengte.

Så moralen må være å velge sine ord med omhu – en liten runde i tenkeboksen er lurt før man setter ord på det man har tenkt å formidle.

 

Re: God og dårlig kommunikasjon

Skrive av André Kalstad 28.08.09 kl. 15:15

Hei Liv,

Til Finse med sykkel og sang, i årevis, gang etter gang, En veldig så god tradisjon, for både hode, kropp og kondisjon. I år ble det et skår i gleden, en notislapp med den sinteste beskjeden. Fra en som ikke veide sine ord, han hadde mistet sin tolmodighet så stor.

Men det er så få som forstår, hvor mye tid som egentlig går. Til å holde system og være beredt, når syklistene kommer så tett. De er så ofte i mangel på tid, de mange som skal videre og forbi. Da kreves det oversikt og stram disiplin, for at dagen skal bli brukbar og fin

Jeg er en sykkelreperatør som alltid prøver å smile, det må du ikke betvile. Men når nettene blir sene og morgenen snar, kan selv den beste bli noe rar. Lite energi til kommunikasjonens kunst, fokuset er bare på sykkelens gunst.

Jeg har vært i boksen for å tenke og se, hvor urimelig og dum jeg ble. Jeg angrer nå på de sårende ord, og ber på tilgivelsens bord. Kanskje disse mer veiede vers, kan gi deg et smil på tvers. Et mer humoristisk minne, fra en som ikke lot seg besinne.

Vi har ikke fleece her i sjappa, de har blitt solgt eller rappa. Men t-skjorte kan jeg sende, hvis jeg får din adresse i hende. Så håper jeg det ikke mer er ondt blod, mellom deg og meg her oppe på tolvtjueto.

Mvh. André på Sykkel 1222

Reklamefilm for Finse 1222

Planck Film har vore på Finse og laga reklamefilm. Dei trong ein sogning til å leike David Attenborough. Det vart eg som måtte lese kommentarane. Sjølvsagt er det no mykje diskusjon i grendene på Finse om korleis ein eigentleg bør uttale «1909» i ein film om Finse. Eg og vaktmester Magnus (opprinneleg frå Kaupanger) let oss ikkje rikke.

k