Mi trafikkskadde mor har fått øydelagt eine foten og kan ikkje nytte vanlege sko. Ho er difor innvilga fire par spesialsko, tilpassa kvar sesong i året. Desse skal det offentlege betale. Det har både ho og NAV fått dokumentert. Likevel tvinga saksbehandlaren i NAV mor mi til å bruke vinterskoa sine gjennom heile sommaren i fjor. “Du må slite ut dei du allereie har” var meldinga mor mi fekk i mai i fjor. I september i fjor fekk mamma sumarskoa sine – då erkjente NAV at mamma hadde rett på sumarsko. Så det fekk ho. Men inga beklaging, eller plaster på såret. Mamma fekk kun tre par sko i fjor.
Dette, og eit par andre episodar, fekk eg vete om i dag, 18. juni 2011. Og eg blei umiddelbart sjokkert. Deretter vart eg rasande. No er eg lei meg og eg gret når eg skriv dette. Eg gret fordi eg tykkjer det er så uverdig og unødvendig. Eg gret fordi eg tenkjer på kor lite som skulle til for at mamma skulle kunne få ei god kjensle av sumar ifjor, men så måtte ho dra rundt på ein droppfot, og gå rundt heile sumaren i vintersko. Berre fordi ein saksbehandlar i NAV ikkje hadde lest dokumentasjonen som var tilsendt.
Eg gret også fordi eg saknar far min. Min far døydde av kreft 22. mai i år. No sørgjer vi, og vi saknar han kvar dag. Vi i familien skal no stå saman og fortsette liva våre utan han. Dessverre kjem eg nok til å sakne pappa ekstra mykje når vi no skal møte det private og det offentlege byråkratiet igjen.
Pappa var ein usedvanleg sindig og fornuftig mann. Han kunne væra sint, men lot det aldri styre handlingane sine. Alt han sa, gjorde og skreiv var vel gjennomtenkt. Eg veit imidlertid kor rasande han var når han skreiv dette innlegget til Sogn Avis ifjor.
Eg er eldste son til ei trafikkskadd og sørgjande enke. Eg og syskena mine skal no forsøke å hjelpe ho i “kampen” mot byråkratiet. Eg nyttar ordet “kamp” fordi det er det eg opplever det som. Me på eit lag – NAV, Gjensidige Forsikring og forsikringsselskapet Van Ameyde på det andre laget.
Me har allereie gått mange omgangar, men pappa har vore klippen, kapteinen på skuta – den som har holdt moralen oppe i laget. Trass i motgang og uverdige utspel frå representantar både hjå NAV og Gjensidige har han vore fornuftig og konstruktiv. Han kjente systemet godt, og var ellers eit godt førebilete for oss andre.
Men pappa vart deprimert og sliten av å måtte kjempe for det dei hadde rett på. Både hjå NAV, pasientreiser.no og Gjensidige Forsikring. Så når eg i dag vert så rasande og sjokkert over at mamma ikkje fekk sumarskoa sine ifjor, så er det også fordi eg tykkjer det er svært sårt å tenke på at dette var nok ein ting han måtte bekymre seg for den aller siste tida av hans 57årige liv.
Saksbehandlaren hjå NAV la ei ekstra byrde til ei allereie stor bør. Ei bør som skulle bli endå tyngre. Det viser seg nemleg at i nettopp denne tida har kreften byrja å ete opp pappa innanfrå. Denne kampen var pappa dømt til å tape. Det tykkjer eg er vanskeleg å tenkje på.
Eg ser med skrekk og gru fram til å møte skjemavelde, lang behandlingstid og arrogante saksbehandlarar no når mamma må forholde seg til til NAV som enke. Men det må til, og kven veit – kanskje vi blir positivt overraska denne gongen. Eg kjem imidlertid ikkje til å setje pengar på det.
Eg gruar meg til å fortsette kampen for at foreldra mine sitt forsikringsselskap skal ta det ansvaret dei er plikta å ta. Det er ikkje tida for å greie ut om den saka her, men det kjem ei tid for det også… Eg kan likevel nevne at mamma og pappa var totalkunde i Gjensidige i over 20 år. To år etter at dei vart påkjøyrt av ein tullete turist er det fortsatt ikkje ein einaste representant frå Gjensidige som har kontakta mamma eller pappa og spurt spørsmålet: “korleis går det med dykk?”