Far min har oppsummert ein del av sine tankar om møtet med byråkratiet i Helse Norge. Innlegget kom på trykk i Sogn Avis måndag 26. april, men har ikkje vore publisert på nett. I mangel av sin eigen blogg let eg han sleppe til her:
”Eldregeneralen”,- Per Hovda sa i eldreopprøret 1990 : ”Fader, forlat dei ikkje, – dei har ikkje interesse av det som skjer med sjuke og gamle”. Etter å ha lest og høyrt om erfaringar folk har gjort seg i møte med dei offentlege hjelpesystema, samt noko eigenerfaring i 5 – 6 månader, kan ein undra seg på om Per Hovda sin utblåsing også hadde vore på sin plass i dag. Kreftsjuke Leif Bolstad frå Lånefjorden fortel om sine erfaringar med Pasientreiser ANS i Sogn Avis 11.mars og det er oppsiktsvekkande og skremmande lesnad. Oppsummert seier denne mannen at;
..det er ei enorm påkjenning på toppen av sjukdommen.
..eg føler me vert mistenkjeleggjorde heile vegen.
..eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd eg skulle oppleva noko slikt.
..eg veit ikkje når eg får desse pengane, eller om eg får alt eg har krav på.
Først av alt har eg lyst å gje Leif Bolstad honnør for at han orkar å gå ut i avisa med sine erfaringar trass den sjukdom han slit med. Det kostar det også. Eg ynskjer deg god bedring.
”Det heng ikkje i hop”
Nei, det heng ikkje i hop når me får veta at nyordningane skal gjera tenestene betre for brukarane, og brukarane formidlar erfaringar som vitnar om det motsette. Me les på nettsida til pasientreiser.no at det er sett inn ekstra sakshandsamarar og at ventetida stadig vert redusert.
”Beklagar”! – det kling svært ”hult” i øyrer som framleis ventar på pengane dei har krav på. Det er lagt opp til ei slags sjølvbetjeningsordning der det er føresett at ein har PC ståande på bordet med internett-tilkobling, har kopieringsmuligheit, samt ein mobiltelefon og bil i garasjen. Ein føreset at brukarane har god høyrsel og formidlingsevne, har konsentrasjonsevna på topp, og forstår å fylla rett inn i kompliserte skjema. Det er eldre og ofte alvorleg sjuke folk ein krev dette av.
Oppsummert er stoda slik at ansvarleg etat hardnakka forfektar at ”reforma er ei forbetring av det gamle systemet” medan brukarane seier: ”det stemmer ikkje, dette er ei enorm påkjenning på toppen av sjukdommen, – gjev oss tilbake det gamle systemet der me kan få snakka med eit hjelpsamt og vennleg menneske, (gjerne frå nav)”.
”Konspiratoriske tankar” kjem snikande. Me har gjennom Sogn Avis blitt kjende med at Helse Førde, i sitt høyringsdokument, ”Modellar for Helse Førde i 2020” seier at dei…” ikkje reknar med noka auke i talet på refusjonssaker”.
Sjå det – dette gjev faktisk meining,… samanhalde med denne ulykksalige reforma. Kor medvitne helse/trygde- byråkratane er om denne ”biverknaden” av reforma, skal eg ikkje ha meining om. Likevel er eg nokså sikker på at nokon tenkjer - ”ikkje så galt at ikkje er godt for noko”. Me sparar pengar.!
..det er ei enorm påkjenning på toppen av sjukdommen.
”Det er ei enorm påkjenning på toppen av sjukdommen” seier Leif Bolstad. Eg kjenner meg godt igjen i det. Som pårørande til ei trafikkskadd kone, har eg ikkje tal på timar brukt til å fortolka skjema, tid i telefon og tyding av rettleiing på heimesida til pasientreiser.no. Eg reknar meg for å vera rimeleg oppegåande og frisk, vel fortruleg med nettbruk. Korleis vil det då vera for ein som har fått ein alvorleg diagnose. Har også stilt meg spørsmålet, – kven ville ivareteke våre rettar og teke på seg dette arbeidet, om eg også vart like skada som kona mi ( det var eg som køyrde bilen)? Eg veit svaret, – for eg har forhøyrt meg – det er.. ingen det.
Leif Bolstad og me andre burde vore spart for dette. Han burde få brukt kreftene sine til å handtera kreftsjukdommen sin i staden for å slita med å forstå byråkratiske skjema. For det er eigentleg ikkje vanskeleg dette, – ein halvtimes besøk av ei vennleg sjel, gjerne frå ”nav” som ”kan” systemet, – som fyller rett inn i alle rubrikkane og som sikrar at bilag og stadfestingar frå sjukehusa og alt slikt er i orden, – og ”smakk”. Det er uforståeleg at ein forstår så lite frå dei me skulle tru visste betre. Slike system er vesentleg årsak til at folk ikkje kjem seg i arbeid igjen. Med respekt å melda, her er helse/trygdebyråkratar dumme.
..eg føler me vert mistenkjeleggjorde heile vegen.
Lover, reglar og byråkrati som skal handheva fellesskapet sine midlar, er naudsame ettersom dei sikrar at alle får det dei har rett på, korkje meir eller mindre…
Nei – kva er det eg seier? Eg må visst omformulera dette til.. ”at alle får det dei har rett på, i alle fall ikkje meir”. Eg trudde i mi enkle sjel at ”Mor Noreg” var oppteken av at alle fekk det dei har rett på, også om dei ikkje kravde det. I artikkelen med overskrifta ”Spekulerer i at folk ikkje bryr seg” publisert den 16.3.10 i Sogn Avis,- ser det ut til at dette ikkje stemmer lenger. Og eg siterar:
…dersom fleire vel å fremja refusjonskrav, vil dette auka kostnadene for Helse Førde” sitat slutt. Eg trudde det var offentlege tilsette si plikt å passa på at alle faktisk fekk det dei hadde krav på – korkje meir eller mindre.
Ein kan lura på så mangt. Om det skulle vera slik, at ein frå det offentlege si side ikkje var så nøye på om borgarane fekk det dei etter lov og forskrift har rett på, (j.fr.ovannemde) – kva er det då som gjer at det ikkje fungerer på same måten den andre vegen. Om borgarane fekk meir enn dei hadde rett på, – at det offentlege for eksempel skulle godskriva ein med fleire km enn ein i røynda hadde køyrt, eller ein reknefeil…Kanskje ein kunne prøva seg med at.. ”ja, eg har kalkulert med at dersom det offentlege skulle komma på bana, så ville dette auka kostnadene for meg”. Trur ikkje det hadde gått så bra. Straffa for trygdesvindel er særdeles alvorleg med fengsel og tilbakebetaling.. tenk om desse sanksjonane også var ovanfor dei som set på sine byråkratstolar. Sjølvsagt er det nokre få som har ein agenda der ein prøver å lura til seg pengar som ein ikkje har rett på. Samstundes spør eg meg; – i kva grad har det offentlege seg sjølv å takka når ein praktiserer ein type reglar for dei som er trygdemottakarar, og ein type reglar for staten?
For å bli litt personleg.. me har omsider motteke refusjon for køyring av pasient til sjukehus utført i januar 2010. På vår nettbank ser me at me har motteke ein sum som kjem frå ”pasientreiser.no”. Så går det nokre dagar og me får eit brev der summen vert stadfesta, men ingenting meir. Ikkje veit me kva takst ein har gått utifrå, ikkje veit me korleis ein har berekna og komme fram til denne summen.
Så… korleis i all verda skal eg kunne kontrollere om eg har fått rett sum ?? - kanskje eg har fått for mykje, kanskje for lite. Det er gjerne interessant for lesarane å vita at eg har bedt om å få opplyst dette, samt få tilbake vedlagte orginalbilag. Det siste har eg fått, men inga opplysning om det første. Lukke på reisa !
Men tida går, og det kjem andre saker som opptek politikarar og media, vulkanutbrot på Island osv.. -men Leif Bolstad frå Lånefjorden og me andre set framleis med påkjenninga på toppen av sjukdommen, kjensla av å vere ”potensiell skurk”, samt spørsmålet om me får desse pengane, og om me får de me har krav på.
..eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd eg skulle oppleva noko slikt.
Dette er ei spesiell stygg sak. Kona mi brukte karakteristikken, ”skammeleg”, – eg trur det er eit godt uttrykk fordi det vi opplever, er så massivt umoralsk. Alle alminnelege menneske som eg kjenner, og kanskje særleg dei eldre, er ærlege og rettskafne menneske.
Ein prøver å hegna om eit sjølvbilde som ivaretek det siste ein gjerne har igjen, sjølvrespekt og ærekjensle. Me kvir oss for å avdekka eller eksponera ting ein tykkjer går på sjølvrespekten laus. Å ha dårleg råd er ein av desse tinga. No er det vel ikkje slik at me ikkje har tak over hovudet, eller brød i brødskuffa, men det er tungt å ikkje kunne hjelpe born som er studentar, det er vondt å ikkje kunne gje barnebarn det ein skulle ønska ein kunne til bursdagar. Personleg økonomi er eit tabuemne for dei fleste, og det gjer det ikkje betre at eg faktisk trur helse/trygdebyråkratar veit dette og utnyttar det. Difor vel dei å ”rana” denne gruppa menneske. Dei veit at det er menneske med skam i sjela som vil kvi seg for å gå på barrikadane og sei – eg er i beit for pengar!
..eg veit ikkje når eg får desse pengane, eller om eg får alt eg har krav på.
Me har også fått med oss hjartesukka og beklagelsane frå dei som arbeider innanfor desse systema : ”..me beklagar, – me beklagar” – og så kjem nokre litt hjelpelause og særdeles uinteressante forklaringar om interne innkøyringsproblem. Eg trur dei er ærlege på det, men med respekt å melda, – eg trur også de er ”nyttige idiotar” som tek støyten for helse/trygdebyråkratar som set lengre oppe i systemet og gjev blaffen i folk si liding, men ser på tala. Det er lita trøyst for Leif Bolstad og oss andre at me får beklagelsane og forklaringar på kvifor det går mellom 3 og 4 månader til me får pengar på konto.
Leif Bolstad vil truleg tilliks med oss, ha pengane som han og me andre har rett og krav på.. og me vil ha dei nokså mykje kjappare enn det skjer no. Også for Pasientreiser.no burde god forvaltningsskikk vera gjeldande. Det burde gje seg utslag i at me fekk ei melding om motteke krav, og nokolunde antydning om kva tid utbetalinga skjer.
Me treng også informasjon om takstar og informasjon om korleis de har komme fram til summen, for å vita om me har fått det me har krav på, mindre eller meir. Skulle det slumpa til at me får nokre kroner for mykje, så vil me sei i frå.
15.4.2010
Roald Kalstad