Eg er ein lustring i eksil. Dei siste ti åra har eg vore travel med studiar og jobb i Bergen. Det har likevel alltid vore viktig for meg å prøve å følgje utviklinga heime. Både fordi eg kjenner meg sterkt knytt til staden, og dei siste åra fordi eg vurderar å slå meg til ro. Luster er eit alternativ i så måte. Luster er ein trygg og fin kommune, med heilt unike høver for aktivisering innan friluftsliv og fjell. I tillegg har eg familien der.
Eg avslutta studiane i 2006 og har sidan jobba i Bergen og på Finse i Ulvik. Det har imidlertid vore mange høver til å flytte heim. Meir eller mindre interessante stillingsutlysningar har vore oppe fleire gonger. Når eg ikkje har nytta høvet til å søke på desse stillingane, som i utgangspunktet ville vore svært interessante mht. mi utdanning og min kompetanse, så lyt eg prøve å reflektere rundt kvifor eg ikkje har teke steget og søkt.
Verdens beste kommune
Luster vart kåra til landets beste kommune å bu i. Dagens Næringsliv og SSB presenterte Luster som vinnaren i ei kommuneundersøkjelse for eit år sidan. God økonomi, godt helsetilbod og låg kriminalitet vert m.a. nemnt. Artikkelen presenterer kommunen i flotte ordelag og med fine bileter. “God reklame”, var det første eg tenkte.
Forresten, kanskje ikkje?
Veka etter kom Dagbladet og mediekritikar Jan Arild Snoen med ein artikkel som slakta DN si tolkning av undersøkjinga, og meinte at kriteriane og vektinga av dei forskjellige verdiane var feil. Luster er nemleg ein fråflytningskommune. Med romsleg økonomi og minkande folketal er det klart at kriteriane DN vektleggjer vil gjere at ein har tilnærma overkapasitet ettersom folk flyttar vekk, eller døyr. Det gjev heller ikkje meining at folk skal flytte frå ein kommune som er god å bu, til ein kommune som er dårleg å bu i.
Fortviling
Ein kan ha mange teoriar om kvifor folk flyttar vekk frå Luster. Mangel på arbeidsplassar, særleg for akademikarar, ynskje om eit meir urbant liv med trendy uteplassar og flukta frå bygdetrollet er nokre forslag. Eg har ei oppfatning om at dette vert levna stort fokus. Samtaler med leiarar i Lusters næringsliv, samt politikarar, gjev meg eit inntrykk av at dei er svært bekymra for utviklinga. “Me må prøva å snu trenden”, går att i mange samtalar. Men dei veit ikkje heilt korleis. Eg har høyrt rykter om engasjement av diverse konsulentar og andre som skal sjå på problematikken. Noko resultat av dette har eg ikkje klart å få auga på.
Luster Bad – bad obsession or failure to communicate?
Skal ein byggje eit symjeanlegg i Gaupne eller ei? Luster Bad har vorte diskutert fram og tilbake i årevis. No nærmar tida seg for ei avgjersle på politisk hald. Etterkvart som datoen for vedtak nærmar seg har engasjementet rundt dette eventuelle anlegget stege til kokepunktet. Ordførarveteranen Ernst Veum har før vore positiv, men er no sterkt imot å nytte pengar på eit slikt anlegg i Gaupne, etter at han saman med Formannskapet, i si tid, hadde synfart liknande anlegg andre stader. Det sitjande Formannskapet har røysta for (5 mot 2) og leiaren av Gaupne bygdelag, Alf Henning Evjestad, er “lei av negativt fokus”. På Facebook har det dukka opp grupper som både er for og imot byggjing.
Evjestad argumenterer med at dette vil kunne bli “ein attraktiv møteplass for alle generasjonar tolv månader i året”. Han er ganske klar på at dette vil gjere “Luster meir attraktiv både for tilflyttarar, besøkjande og innbyggjarane”. I tillegg skal dette anlegget “skapa auka aktivitet i næringslivet”. Det er nemnt at dette anlegget legg til rette for ein helsemessig, og såleis ein samfunnsmessig, vinst både på kort og lang sikt, særleg for dei eldre. Dette har fysioterapeut og dagleg leiar på Luster Treningssenter Bjørn Kalstad (min bror forøvrig), argumentert for. I samråd med Kommunelegen. Motstandarane argumenterer med at det kostar for mykje, at det er feil prioritering og at det slett ikkje vil gje noko auka næringsaktivitet.
Eg vil ikkje ta stilling til Luster Bad. Men det denne saka illustrerar så godt er kor vanskeleg det er å einast om noko i denne kommunen. Det har ikkje vore noko heilhjarta satsing på noko i Luster sidan kraftutbyggjinga på 70- og 80-talet. Luster Bad-saka er berre ein illustrasjon. Det kunne like godt vore nemnt mange andre saker, som eksempelvis crusekai eller ikkje cruisekai.
Sogn Avis
Det er bra med ein offenteleg debatt, og det er bra med ulike synspunkt. Men kommunen lid voldsomt under eit manglande forum og talerøyr. Sogn Avis viser ikkje tilstrekkeleg- eller god nok kjennskap til Luster. Dekninga deira av Luster er langt frå adekvat. Dei kritiske leiarane knytta til Luster Bad og Cruisekai i Skjolden har vore alt for einsidige og viser få teikn til breid refleksjon, og eg mistenkjer redaktøren for å søkje å lage splid, som dei igjen kan dekkje på nyheitssidene. Dei skal selje aviser må vite. Eg tykkjer det er rart og oppsiktsvekkjande at lustringane fell for dette billege trikset.
Med fare for å tråkke manga av mine gode vener og tidlegare lagkameratar på tåspissane, så er eg også av den oppfatninga at Sogn Avis har uforholdsmessig mykje fotball-stoff. Dei gjev inntrykk av at det er i hovudsak fotball og SIL som interesserar folk regionen. Dei glisne tribunene på Fosshaugane kvar helg fortel sitt, nemleg at dette ikkje speglar abonnentmassen, og gjer såleis til at avisa framstår som nokså useriøs. I tillegg er eg svært skuffa over både layout og annonseringsløysningar, både på papir og web.
“All of us who professionally use the mass media are the shapers of society. We can vulgarize that society. We can brutalize it. Or we can help lift it onto a higher level.”
- Bill Bernbach
Kultur, sjølvforståing og identitet
Luster er ein svær stor kommune, reint geografisk, og det er store avstander mellom folk. Avstandene gjer seg også gjeldande i sprikande kulturar og haldningar. Folk frå forskjellige hjørner i kommunen har vidt forskjellig dialekt og historie. Det er viktig å ta vare på eigenarten som fins, men det er også svært viktig å fokusere på den felles identiteten og kulturen i ein kommune.
Skal ein oppnå noko i saman med andre lyt ein ha eit felles utgangspunkt, rammeverk og ein felles eigenforståelse. Dette har svikta totalt i Luster. Over lang tid. Rivaliseringa mellom bygdene i Luster har forundra meg stort, heilt sidan eg først vart observant på fenomenet. Truleg allereie i barnehagealder. At slikt skjer i større bykommunar med hundre gonger så mange innbyggjarar er kanskje ikkje heilt unaturleg, men i Luster vert det berre søkt og dumt. Ein har jo alt å vinne på å samarbeide. Og ein har absolutt alt å tape på å ikkje gjere det.
Dette har også innverknad på fråflytnings-/tilflytningsproblematikken. Skal ein være attraktiv for nokon lyt ein væra tydeleg. Spørsmålet er; kva skal me være, og for kven? Ein kan ikkje væra alt for alle. Ein må velje vekk og prioritere. Alle som har jobba med marknadsføring og merkevarebygging vil forstå kva eg meinar.
“If you stand for something, you will always find some people for you, and some against you. If you stand for nothing, you will find nobody against you, and nobody for you.”
- Bill Bernbach
Ei sterk merkevare er sterk som ei direkte fyljge av at ho er tydeleg på kva slags verdiar ho representerar. I Luster er det ingen idear om kva Luster skal være. Så lenge det er slik vil ein slite med både næringsutvikling og privatetableringar. Eg oppfordrar til å ta tak i identiteten, kulturen og merkevara Luster. Manglar ein kompetanse og forståing til å gjere dette så må ein kjøpe ekspertise på området. Konseptutviklarar, identitetsutviklarar, designarar, marknadsførarar, illustratørar, fotografar, filmskaparar osb.; dette er kva Luster har behov for no, og framover i ei spennande tid med ynskje om auka turisme, privatetableringar og auka næringsaktivitet.
Det nyttar ikkje å gjere noko slikt utan hjelp og støtte frå eit breidt politisk felleskap og befolkninga sjølv. Alle må forstå og væra samde om at dette vil kunne gjere staden meir tydeleg, attraktiv og forståeleg for både innflyttarar, turistar og innbyggjarar.
“Know your product inside and out before you start working. And relate that knowledge to the consumer’s needs.” – Bill Bernbach
Kva vil eg ha?
Eg ynskjer at Luster, kanskje som den første kommunen i landet, skal kunne einast om ein framtidsvisjon. Dvs. verta einige om korleis ting ser ut i kommunen om ti-tjue år dersom alt ein prøver på og alt ein planlegg går på skinner og vært ein realitet.
Eg ynskjer at dette skal være noko innbyggjarane kan slå seg på brystet med og bruke som motivasjon og inspirasjon i det daglege.
Eg ynskjer at ein tek offentleg stilling til ei rekkje svært vesentlege verdiar som natur, miljø, menneskeverd og andre størrelsar som er svært styrande for den rådande kulturen i kommunen.
Eg ynskjer positivitet.
Eg ynskjer glimt i auga, leik og latter i prosessen.
Eg ynskjer at ein verkeleg tek konsekvensen av at ein ynskjer tilflytting. Med det meinar eg at ein legg skikkeleg til rette for privat etablering og næringsetablering. Dette handlar om tilrettelegging av attraktivt areal, forenkling av- og hjelp med søknadsprosessar, minimalt med byråkrati, betre støtteordningar osb. Det handlar også om å framleggje dette på ein måte som gjer det attraktivt, sjå neste punkt.
Eg ynskjer at ein lærer seg å kommunisere tilbodet, det kallast marknadsføring.
Eg ynskjer at ein har ei bevisst haldning om kva målgrupper ein henvender seg til. Det kallast segmentering.
Eg ynskjer at ein kan skjøne at den største ressursen til kommunen er den urørde naturen.
Eg ynskjer at ein innser at denne ikkje må gå på billegsal eller øydeleggjast.
Eg ynskjer at ein skal innsjå at all etablering, både næring og privat, må være på naturen sine premissar.
Og jodå, eg ynskjer gjerne å få væra med å ta i eit tak.