Rallarvegsrapport

Rallarvegen er ei av Noregs sterkaste merkevarer innan reieselivet. I sommar er det ca. 20 000, både nordmenn og utlendingar, som syklar Rallarvegen (syklistenes landsforening). Trass i sipregn og motvind. Spørsmålet er kor lenge dette vil vare.

Stor interesse

Sidan førre Rallarvegsrapport har det rulla tusenvis av sykkelhjul på Rallarvegen. All snøen er no vekke frå Rallarvegen. Likevel har dei nok blitt både våte og kalde dei som har trødd seg gjennom løypa. Det er ikkje tvil om at Rallarvegen er ein svært populær tur for norske venegjengar og familiar, så vel som utanlandske turistar. Det er både imponerande, og litt overraskande, å sjå kor mange som rullar av garde frå perrongen. Særleg med tanke på den forferdelege sumaren i år.

Mange har med seg ungar. Det er godt å sjå at dei yngste får høve til å gjere seg kjent med gledene av å tilbringe tid i naturen generelt og høgfjellet spesielt. Rallarvegen har i lang tid sørgja for at desse verdiane er tilgjengelege for ein god del fleire enn den harde kjernen av fjellfolk og DNT-entusiastar.

Vegen er forsåvidt farbar, og dei aller fleste kjem seg greitt ned til Flåm. Dette til tross for at vær og vind har fare ganske hardt med enkelte parti. Den regntunge sommaren har satt djupe spor i Rallarvegen. Sand og fyllmasse er skylt vekk somme stader. Dette gjer at det berre står til dels store og stygge steinar att i løypa.

Etter ein guide-tur med ei større gruppe (100 i antall) fekk eg sjå korleis folk ter seg i dei hardast råka strekningane. Inntrykket er at mannfolka prøver seg utpå og freistar å karre seg gjennom steinrøysa, med dei fylgjer det kan få, medan damene ofte er meir sindige og trillar sykkelen gjennom.

Tilgjengeleg sykkelsti eller eit kulturminne?

Bruene i Kleivagjelet er nydeleg restaurerte. Noko som imidlertid står i sterk kontrast til resten av denne populære turistvegen. Den forfell i ganske høgt tempo. Konsekvensane er svært godt synlege. Standarden på vegen er allereie slik at det er noko betenkeleg å sende småbarnfamiliar ut på sykkelturen til Flåm. Særleg enkelte parti mellom Fagernut og Vatnahalsen er skumle.

Det er Jernbaneverket som eig Rallarvegen. ”Rallarvegen vil aldri verta ein tipp topp sykkelsti. Me skal vedlikehalda den som kulturminne, og reparasjon og vedlikehald skjer etter antikvariske prinsipp”, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket region vest til Avisa Hordaland (finn ikkje saka på nett).

Dette lyt ein berre ta til etterretning. Men, for oss som leiger ut syklar på strekninga er vedlikehaldskostnadane for syklane allereie skyhøge, som ei følgje av vegstandarden. Det er ingen forteneste å hente på sykkelutleige. I verste fall kan dette populære tilbodet falle bort. Me har heller ikkje ressursar eller høve til å gjere noko med vegstandarden sjølve. Økonomien set klare grenser for oss. I tillegg har Ulvik Kommune og staten strenge restriksjonar for motorisert ferdsel i området grunna villreinbestanden og nasjonalparkane som omgjev oss.

Det som er sikkert er at tilgjenge etterkvart vil verte kraftig redusert for ein svært stor del av befolkninga. Om nokre år vil det å sykle Rallarvegen verte eit prosjekt reservert for dei særskilt interesserte.

  • Er det ok at Rallarvegen, ei nasjonal merkevare, forfell som sykkelsti?
  • Kva vil det sei å vedlikehalde noko etter ”antikvariske prinsipp”?

Kleivagjelet