Kampen mot dei som eigentleg skal hjelpe oss – NAV, Gjensidige Forsikring m.fl.

Mi trafikkskadde mor har fått øydelagt eine foten og kan ikkje nytte vanlege sko. Ho er difor innvilga fire par spesialsko, tilpassa kvar sesong i året. Desse skal det offentlege betale. Det har både ho og NAV fått dokumentert. Likevel tvinga saksbehandlaren i NAV mor mi til å bruke vinterskoa sine gjennom heile sommaren i fjor. “Du må slite ut dei du allereie har” var meldinga mor mi fekk i mai i fjor. I september i fjor fekk mamma sumarskoa sine – då erkjente NAV at mamma hadde rett på sumarsko. Så det fekk ho. Men inga beklaging, eller plaster på såret. Mamma fekk kun tre par sko i fjor.

Dette, og eit par andre episodar, fekk eg vete om i dag, 18. juni 2011. Og eg blei umiddelbart sjokkert. Deretter vart eg rasande. No er eg lei meg og eg gret når eg skriv dette. Eg gret fordi eg tykkjer det er så uverdig og unødvendig. Eg gret fordi eg tenkjer på kor lite som skulle til for at mamma skulle kunne få ei god kjensle av sumar ifjor, men så måtte ho dra rundt på ein droppfot, og gå rundt heile sumaren i vintersko. Berre fordi ein saksbehandlar i NAV ikkje hadde lest dokumentasjonen som var tilsendt.

Eg gret også fordi eg saknar far min. Min far døydde av kreft 22. mai i år. No sørgjer vi, og vi saknar han kvar dag. Vi i familien skal no stå saman og fortsette liva våre utan han. Dessverre kjem eg nok til å sakne pappa ekstra mykje når vi no skal møte det private og det offentlege byråkratiet igjen.

Pappa var ein usedvanleg sindig og fornuftig mann. Han kunne væra sint, men lot det aldri styre handlingane sine. Alt han sa, gjorde og skreiv var vel gjennomtenkt. Eg veit imidlertid kor rasande han var når han skreiv dette innlegget til Sogn Avis ifjor.

Eg er eldste son til ei trafikkskadd og sørgjande enke. Eg og syskena mine skal no forsøke å hjelpe ho i “kampen” mot byråkratiet. Eg nyttar ordet “kamp” fordi det er det eg opplever det som. Me på eit lag – NAV, Gjensidige Forsikring og forsikringsselskapet Van Ameyde på det andre laget.

Me har allereie gått mange omgangar, men pappa har vore klippen, kapteinen på skuta – den som har holdt moralen oppe i laget. Trass i motgang og uverdige utspel frå representantar både hjå NAV og Gjensidige har han vore fornuftig og konstruktiv. Han kjente systemet godt, og var ellers eit godt førebilete for oss andre.

Men pappa vart deprimert og sliten av å måtte kjempe for det dei hadde rett på. Både hjå NAV, pasientreiser.no og Gjensidige Forsikring. Så når eg i dag vert så rasande og sjokkert over at mamma ikkje fekk sumarskoa sine ifjor, så er det også fordi eg tykkjer det er svært sårt å tenke på at dette var nok ein ting han måtte bekymre seg for den aller siste tida av hans 57årige liv.

Saksbehandlaren hjå NAV la ei ekstra byrde til ei allereie stor bør. Ei bør som skulle bli endå tyngre. Det viser seg nemleg at i nettopp denne tida har kreften byrja å ete opp pappa innanfrå. Denne kampen var pappa dømt til å tape. Det tykkjer eg er vanskeleg å tenkje på.

Eg ser med skrekk og gru fram til å møte skjemavelde, lang behandlingstid og arrogante saksbehandlarar no når mamma må forholde seg til til NAV som enke. Men det må til, og kven veit – kanskje vi blir positivt overraska denne gongen. Eg kjem imidlertid ikkje til å setje pengar på det.

Eg gruar meg til å fortsette kampen for at foreldra mine sitt forsikringsselskap skal ta det ansvaret dei er plikta å ta. Det er ikkje tida for å greie ut om den saka her, men det kjem ei tid for det også… Eg kan likevel nevne at mamma og pappa var totalkunde i Gjensidige i over 20 år. To år etter at dei vart påkjøyrt av ein tullete turist er det fortsatt ikkje ein einaste representant frå Gjensidige som har kontakta mamma eller pappa og spurt spørsmålet: “korleis går det med dykk?”

“Du skal ha god helse for å væra sjuk i dette landet”

I dag er dei nøyaktig eitt år sidan eg mottok meldinga om at mine kjære foreldre hadde vore innblanda i ei alvorleg bilulukke i Sogndal. Dei var på veg heim etter å ha feira min tredveårsdag på Finse då ein hollandsk turist kom over i deira køyrebane og frontkolliderte. Hollendaren har erkjent all skuld i ulukka, og innrømmer at han såg på fjell og natur istadenfor på vegen. Det vart skjebnesvangert.

Når me no ser tilbake på det siste året er det mange tankar og kjensler som gjer seg gjeldande.

Glede og takknemlegheit – Me kjenner ei enorm glede for at ingen miste livet i denne ulukka. Det var små marginar, og det kunne likegodt enda der og då. Den fyrste månaden var det ingen på Haukeland som ville garantere at mamma ville overleve. Pappa hadde som eit mirakel unngått å få fysiske skader – det har vist seg å være ei lukke på mange måtar. Han har hatt helse til å kjempe med byråkratiet…

Vemod – Mamma hadde eitt halvt år i førvegen vore råka av eit kraftig hjarteinfarkt, men hadde trena godt og var egentleg i svært god form då ulukka inntraff. Truleg hadde ho vore tilbake på jobb på hausten i fjor om ikkje dette hadde skjedd. Under tredveårsfeiringa mi på Finse gjekk me turar og koste oss – ho fikk tilogmed være med kjøkensjefen for å tilberede ein gebursdagstreretter for oss på hotellet.

Angst – Det er ferietid, turistane er på vegane og minner oss om det som skjedde i fjor. Sjølv kjenner eg no at det knyt seg i magen kvar gong eg ser bilar med gule skilt. Heilt irrasjonelt sjølvsagt, men dog. Dette er ei kjensle som eg veit far min har streva med i eitt år, og som truleg kjem til å prege han i lang tid framover.

Sinne – Etter ei slik ulukke vert ein konfrontert med ei rekke system og instansar. Legar og sjukepleiarar har jemnt over vore eineståande i behandlinga av mamma og familien. Dette er i sterk kontrast til dei som har “flytta papir” i denne saka det siste året. Det gjer meg mildt sagt rasande å tenke på den ekstra belastninga som Helse Førde, Helse Vest, NAV og ikkje minst Gjensidige Forsikring har tilført foreldra mine i denne prosessen. Far min har tidlegare omtala det offentlege byråkratiet i sitt innlegg her på bloggen. Det er skremmande å sjå korleis det offentlege møter mennesker som har havna i ein vanskeleg situasjon.

Gjensidige “Forseinking?” – Det er hårreisande korleis Gjensidige Forsikring har tedd seg i denne prosessen. Familien har i alle år vore pliktoppfyllande kundar i selskapet, men idet ein kjem til sanningas augneblink så vel Gjensidige Forsikring å trenere prosessen, messe på juss og knipe på kronene. Trass i at skuldspørsmålet var avgjort nokså umiddelbart etter ulukka har saksbehandlinga i Gjensidige vore skammeleg. Dårleg, eller ingen kommunikasjon med det hollandske forsikringsselskapet, lite eller ingen utbetaling og vanskeleg generell dialog har gjort dette til advokatmat. Det burde ikkje vore naudsynt. Dei sel seg inn på å sikre oss ved ulukker og skader, utnyttar vår redsle for å havne i uføret, men når det kjem til stykket så er dei berre ein ekstra belastning i ei ellers tung tid.

Så når ein skal oppsummere det siste året er det det med blanda kjensler, vi er så inderleg glade for å ha kvarandre, men vi er også rasande sinte (ihvertfall eg) fordi møtet med det offentlege og forsikringsinstansar har vore ein parodi, ein slags sitcom/psykologisk thriller, “Etaten” møter “Nattsvermaren“.

Eit sitat som skildrar det meste er henta frå noko mamma sa mellom stormkasta tidlegare i år: “Du skal ha god helse for å væra sjuk i dette landet”. Eit nokså treffande utsagn som eg, dessverre, trur fleire vil kjenne seg att i.

Strukturforandringar i offentlege hjelpesystem – til beste for kven?

Far min har oppsummert ein del av sine tankar om møtet med byråkratiet i Helse Norge. Innlegget kom på trykk i Sogn Avis måndag 26. april, men har ikkje vore publisert på nett. I mangel av sin eigen blogg let eg han sleppe til her:

”Eldregeneralen”,- Per Hovda sa i eldreopprøret  1990 : ”Fader, forlat dei ikkje, – dei har ikkje interesse av det som skjer med sjuke og gamle”. Etter å ha lest og høyrt om erfaringar folk har gjort seg i møte med  dei offentlege hjelpesystema, samt noko eigenerfaring  i  5 – 6 månader, kan ein undra seg på om Per Hovda sin utblåsing også hadde vore på sin plass i dag. Kreftsjuke Leif Bolstad frå Lånefjorden fortel om sine erfaringar med Pasientreiser ANS i Sogn Avis 11.mars og det er oppsiktsvekkande og skremmande lesnad. Oppsummert seier denne mannen at;

..det er ei enorm påkjenning på toppen av sjukdommen.

..eg føler me vert mistenkjeleggjorde heile vegen.

..eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd eg skulle oppleva noko slikt.

..eg veit ikkje når eg får desse pengane, eller om eg får alt eg har krav på.

Først av alt har eg lyst å gje Leif Bolstad honnør for at han orkar å gå ut i avisa med sine erfaringar trass den sjukdom han slit med. Det kostar det også. Eg ynskjer deg god bedring.

”Det heng ikkje i hop”

Nei, det heng ikkje i hop når me får veta at nyordningane skal gjera tenestene betre for brukarane, og brukarane formidlar erfaringar som vitnar om det motsette. Me les på nettsida til pasientreiser.no at  det er sett inn ekstra sakshandsamarar og at ventetida stadig vert redusert.

”Beklagar”! – det kling svært ”hult” i øyrer som framleis ventar på pengane dei har krav på.  Det er lagt opp til ei slags sjølvbetjeningsordning der det er føresett at ein har PC ståande på bordet med internett-tilkobling, har kopieringsmuligheit, samt ein mobiltelefon og bil i garasjen. Ein føreset at brukarane har god høyrsel og formidlingsevne, har konsentrasjonsevna på topp, og forstår å fylla rett inn i kompliserte skjema. Det er eldre og ofte alvorleg sjuke folk ein krev dette av.

Oppsummert er stoda slik at ansvarleg etat hardnakka forfektar at ”reforma er ei forbetring av det gamle systemet”  medan brukarane seier: ”det stemmer ikkje, dette er ei enorm påkjenning på toppen av sjukdommen, – gjev oss tilbake det gamle systemet der me kan få snakka med eit hjelpsamt og vennleg menneske, (gjerne frå nav)”.

”Konspiratoriske tankar” kjem snikande.  Me har gjennom Sogn Avis blitt kjende med at Helse Førde, i sitt høyringsdokument,  ”Modellar for Helse Førde i 2020” seier at dei…” ikkje reknar med noka auke i talet på refusjonssaker”.

Sjå det –  dette gjev faktisk meining,… samanhalde med denne ulykksalige reforma.  Kor medvitne helse/trygde- byråkratane er om denne ”biverknaden” av reforma,  skal eg ikkje ha meining om. Likevel er eg nokså sikker på at nokon tenkjer -  ”ikkje så galt at ikkje er godt for noko”.  Me sparar pengar.!

..det er ei enorm påkjenning på toppen av sjukdommen.

Det er ei enorm påkjenning på toppen av sjukdommen” seier Leif Bolstad. Eg kjenner meg godt igjen i det. Som pårørande til ei trafikkskadd kone, har eg ikkje tal på timar brukt til å fortolka skjema, tid i telefon og tyding av rettleiing på heimesida til pasientreiser.no.  Eg reknar meg for å vera rimeleg oppegåande og frisk, vel fortruleg med nettbruk. Korleis vil det då vera for ein som har fått ein alvorleg diagnose. Har også stilt meg spørsmålet, – kven ville ivareteke våre rettar og teke på seg dette arbeidet, om eg også vart like skada som kona mi ( det var eg som køyrde bilen)?  Eg veit svaret, – for eg har forhøyrt meg – det er.. ingen det.

Leif Bolstad og me andre burde vore spart for dette. Han burde få brukt kreftene sine til å handtera kreftsjukdommen sin i staden for å slita med å forstå byråkratiske skjema. For det er eigentleg ikkje vanskeleg dette, – ein halvtimes besøk av ei vennleg sjel, gjerne frå ”nav” som ”kan” systemet, – som fyller rett inn i alle rubrikkane og som sikrar at bilag og stadfestingar frå sjukehusa og alt slikt er i orden, – og ”smakk”. Det er uforståeleg at ein forstår så lite frå dei me skulle tru visste betre. Slike system er vesentleg årsak til at folk ikkje kjem seg i arbeid igjen.  Med respekt å melda, her er helse/trygdebyråkratar dumme.

..eg føler me vert mistenkjeleggjorde heile vegen.

Lover, reglar og byråkrati som skal handheva fellesskapet sine midlar, er naudsame ettersom dei sikrar at alle får det dei har rett på, korkje meir eller mindre…

Nei – kva er det eg seier? Eg må visst omformulera dette til.. ”at alle får det dei har rett på, i alle fall ikkje meir”. Eg trudde i mi enkle sjel at ”Mor Noreg” var oppteken av at alle fekk det dei har rett på, også om dei ikkje kravde det. I artikkelen med overskrifta ”Spekulerer i at folk ikkje bryr seg” publisert den 16.3.10 i Sogn Avis,- ser det ut til at dette ikkje stemmer lenger. Og eg siterar:

dersom fleire vel å fremja refusjonskrav, vil dette auka kostnadene for Helse Førde” sitat slutt. Eg trudde det var offentlege tilsette si plikt å passa på at alle faktisk fekk det dei hadde krav på – korkje meir eller mindre.

Ein kan lura på så mangt. Om det skulle vera slik, at ein frå det offentlege si side ikkje var så nøye på om borgarane fekk det dei etter lov og forskrift har rett på, (j.fr.ovannemde) – kva er det då som gjer at det ikkje fungerer på same måten den andre vegen. Om borgarane fekk meir enn dei hadde rett på, – at det offentlege for eksempel skulle godskriva ein med fleire km enn ein i røynda hadde køyrt, eller ein reknefeil…Kanskje ein kunne prøva seg med at.. ”ja, eg har kalkulert med at dersom det offentlege skulle komma på bana, så ville dette auka kostnadene for meg”.  Trur ikkje det hadde gått så bra. Straffa for trygdesvindel er særdeles alvorleg med fengsel og tilbakebetaling.. tenk om desse sanksjonane også var ovanfor dei som set på sine byråkratstolar. Sjølvsagt er det nokre få som har ein agenda der ein prøver å lura til seg pengar som ein ikkje har rett på. Samstundes spør eg meg; – i kva grad har det offentlege seg sjølv å takka når ein praktiserer ein type reglar for dei som er trygdemottakarar, og ein type reglar for staten?

For å bli litt personleg.. me har omsider motteke refusjon for køyring av pasient til sjukehus utført i januar 2010. På vår nettbank ser me at me har motteke ein sum som kjem frå ”pasientreiser.no”. Så går det nokre dagar og me får eit brev der summen vert stadfesta, men ingenting meir. Ikkje veit me kva takst ein har gått utifrå, ikkje veit me korleis ein har berekna og komme fram til denne summen.

Så… korleis i all verda skal eg kunne kontrollere om eg har fått rett sum ?? -  kanskje eg har fått for mykje, kanskje for lite. Det er gjerne interessant for lesarane å vita at eg har bedt om å få opplyst dette, samt få tilbake vedlagte orginalbilag. Det siste har eg fått, men inga opplysning om det første. Lukke på reisa !

Men tida går, og det kjem andre saker som opptek politikarar og media, vulkanutbrot på Island osv.. -men Leif Bolstad frå Lånefjorden og me andre set framleis med påkjenninga på toppen av sjukdommen, kjensla av å vere ”potensiell skurk”, samt spørsmålet om me får desse pengane, og om me får de me har krav på.

..eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd eg skulle oppleva noko slikt.

Dette er ei spesiell stygg sak. Kona mi brukte karakteristikken, ”skammeleg”, – eg trur det er eit godt uttrykk fordi det vi opplever, er så massivt umoralsk. Alle alminnelege menneske som eg kjenner, og kanskje særleg dei eldre, er ærlege og rettskafne menneske.

Ein prøver å hegna om eit sjølvbilde som ivaretek det siste ein gjerne har igjen, sjølvrespekt og ærekjensle. Me kvir oss for å avdekka eller eksponera ting ein tykkjer går på sjølvrespekten laus. Å ha dårleg råd er ein av desse tinga. No er det vel ikkje slik at me ikkje har tak over hovudet, eller brød i brødskuffa, men det er tungt å ikkje kunne hjelpe born som er studentar, det er vondt å ikkje kunne gje barnebarn det ein skulle ønska ein kunne til bursdagar. Personleg økonomi er eit tabuemne for dei fleste, og det gjer det ikkje betre at eg faktisk trur helse/trygdebyråkratar veit dette og utnyttar det.  Difor vel dei å ”rana” denne gruppa menneske. Dei veit at det er menneske med skam i sjela som vil kvi seg for å gå på barrikadane og sei – eg er i beit for pengar!

..eg veit ikkje når eg får desse pengane, eller om eg får alt eg har krav på.

Me har også fått med oss hjartesukka og beklagelsane frå dei som arbeider innanfor desse systema : ”..me beklagar, – me beklagar” – og så kjem nokre litt hjelpelause og særdeles uinteressante forklaringar om interne innkøyringsproblem. Eg trur dei er ærlege på det, men med respekt å melda, – eg trur også de er ”nyttige idiotar” som tek støyten for helse/trygdebyråkratar som set lengre oppe i systemet og gjev blaffen i folk si liding, men ser på tala. Det er lita trøyst for Leif Bolstad og oss andre at me får beklagelsane og forklaringar på kvifor det går mellom 3 og 4 månader til me får pengar på konto.

Leif Bolstad vil truleg tilliks med oss,  ha pengane som han og me andre har rett og krav på.. og me vil ha dei nokså mykje kjappare enn det skjer no. Også for Pasientreiser.no burde god forvaltningsskikk vera gjeldande. Det burde gje seg utslag i at me fekk ei melding om motteke krav, og nokolunde antydning om kva tid utbetalinga skjer.

Me treng også informasjon om takstar og informasjon om korleis de har komme fram til summen, for å vita om me har fått det me har krav på, mindre eller meir. Skulle det slumpa til at me får nokre kroner for mykje, så vil me sei i frå.

15.4.2010

Roald Kalstad