Film for Helle Knivfabrikk

I haust har eg vore så heldig å få jobbe med Helle Knivfabrikk. Den vesle fabrikken i Holmedal har fanga interessen til fleire enn meg. No skjer det spennande ting både i innland og i utland.

Helle har aldri outsourca noko til Asia, dei har alltid holdt seg til det dei trur på – ekte, tradisjonelt, norsk håndtverk. Ein lyt berre respektere slikt.

Me har laga ein liten film for å prøve å syne litt av det fantastiske som skjer i fabrikken ute ved Dalsfjorden.

Norsk

Engelsk

Reklamefilm for Finse 1222

Planck Film har vore på Finse og laga reklamefilm. Dei trong ein sogning til å leike David Attenborough. Det vart eg som måtte lese kommentarane. Sjølvsagt er det no mykje diskusjon i grendene på Finse om korleis ein eigentleg bør uttale «1909» i ein film om Finse. Eg og vaktmester Magnus (opprinneleg frå Kaupanger) let oss ikkje rikke.

k