Yast er verdas enklaste timeføringssystem, utvikla av ein kameratgjeng med bakgrunn frå NTNU.
YAST består av fem teknofreeks, friluftsinteresserte og blide karar. Noko tilfeldig havna dei i Sogndal der dei seier at dei stortrives. Gründarane viser at det går an å lukkast med å etablere seg på bygda, og ikkje minst tilfører dei mykje glede og entusiasme ved sitt engasjement i lokale tiltak, m.a. på Fjellsportfestivalen.
Nyleg vart det meldt om at Fjord Invest vil investere i selskapet.
Yast er tilgjengeleg på ei rekke målføre, også nynorsk. Underteikna har fått gleda av å være med å oversetje og håpar det ikkje er for mykje feil der. Om det skulle dukke opp veit alle kven som må skuldast.